12.2. Biletpunktkopling

12.2.1. Oversyn

Figur 15.189. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Frå venstre: Originalbiletet, kartet, filtrert bilete


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAvbildingBiletpunktkopling

Dette filteret lagar 3D-effektar ved å avbilda eit “prega” bilete, kartet, på eit anna bilete. Høgda på “humpane” er avhengig av lysstyrken til pikslane. Det er også råd å bestemma frå kva retning lyset skal kome. I motsetnad til filteret Seksjon 10.4, “ Relieff kan dette filteret brukast på alle bilettyper. (Å lage bilete på denne måten blir også kalla “bumpmaping”).

12.2.2. Innstillingar

Figur 15.190. Innstillingane for filteret “Biletpunktkopling

Innstillingane for filteret Biletpunktkopling

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Kart

Denne nedtrekksmenyen inneheld alle bileta som var på skjermen då du aktiviserte filteret. Du kan velje kva for eit av desse bileta som skal brukast som biletkart.

Koplingstype

Her kan du bestemma kva metode som skal brukast for å kopla saman dei to bileta:

  • Lineær: Høgda på humpane er ein direkte funksjon av lysstyrken.

  • Sinusforma: Høgda på humpane er ein sinusfunksjon av lysstyrken.

  • Kuleforma: Høgda på humpane er ein kuleforma funksjon av lysstyrken.

Kompenser for formørkinga

Biletpunktkoplinga har ein tendens til å gjere biletet mørkare. Aktivere dette valet dersom du vil unngå dette.

Inverter biletpunktkoplinga

Til vanleg vil lyse pikslar gi humpar og mørke pikslar holer i biletet. Denne funksjonen vender om på dette.

Flislegg biletpunktkoplinga

Denne funksjonen er helst nytta dersom du skal bruke biletet som gjentatt bakgrunn i ei nettside. Biletkartet vil då bli lagt side om side utan synlege fuger mellom bileta.

Lengdegrad (Azimut)

Lengdegrad (Azimut): Denne glidebrytaren bestemmer kvar lyset skal koma frå. Skalaen tilsvarer kompassretningane i grader, men med startpunkt 0° i aust. Aukande tal vil dreie lyset motsols.

Breiddegrad (elevasjon)

Breiddegrad (elevasjon): Denne glidebrytaren bestemmer kor høgt over horisonten (0°) lyset skal kome frå. Rett ovanfrå (zenit) tilsvarer 90°.

Djupn

Djupna er i dette tilfellet simuleringa av kor høge humpane og kor djupe holene i biletet skal sjå ut til å vere. Dess høgare tal dess større skilnad.

X- og Y-forskyving

Du kan bruke desse glidebrytarane for å finjustera plasseringa av kartet i biletet.

Havnivå

Dersom biletet inneheld gjennomsiktige område, vil desse bli behandla som mørke felt og bli omforma til utholingar i biletet. Med denne glidebrytaren kan du gjere desse holene grunnare. Er Inverter biletpunktkoplinga aktivisert, vil gjennomsiktige område bli behandla som lyse felt og funksjonen vil planere humpane.

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren kan du bestemma den totale lysstyrken på biletet. Høge verdiar vil føre til at relieffverknaden blir redusert.