2.2. Sløring

2.2.1. Oversyn

Figur 15.8. Sløring brukt på eit fotografi

Sløring brukt på eit fotografi

Original

Sløring brukt på eit fotografi

Verknad av filteret “Sløring


Effekten av sløringsfilteret er ikkje så ulik det du får når kameraet er ute av fokus, altså når du bommar på avstanden. For å lage effekten, blir verdien av den målte pikselen sett til eit gjennomsnitt av verdiane for denne pikselen og dei omkringliggande pikslane.

Fordelar: Filteret arbeider raskt og er såleis veleigna for store bilete.

Ulemper: Arbeider likt på alle bilete. Verknaden er liten på store bilete men stor på små bilete.

2.2.2. Aktivering

Du opnar filteret frå biletmenyen via FilterSløringSløring