10.2. Persienne

10.2.1. Oversyn

Figur 15.128. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Persienne


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarPersienne

Dette lager ein persienneeffekt med horisontale eller vertikale lamellar.

10.2.2. Innstillingar

Figur 15.129. Innstillingane for filteret “Persienne

Innstillingane for filteret Persienne

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Orientering

Her bestemmer du retninga for lamellane, Horisontal eller Vertikal.

Bakgrunn

Lamellane får same fargen som bakgrunnsfargen vist i verktøyskrinet. Valet Gjennomsiktig gjer lamellane gjennomsiktige. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom biletet har alfakanal,.

Vridning

Du kan vri lamellane frå 1° (smal) til 90° (full breidde).

Talet på element

Bestemmer kor mange lamellar det skal vere i persiennen. For å vere sikker på at alle er synlege, bør vridninga vere rundt 50°.