11.2. Lerret

11.2.1. Oversyn

Figur 15.165. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Lerret


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskeLerret

Bruk av dette filteret gjer at biletet ser ut til å vere laga på lerret. Du kan regulera strukturen i lerretet og kor synleg det skal vere.

11.2.2. Innstillingar

Figur 15.166. Innstillingane for filteret “Lerret

Innstillingane for filteret Lerret

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Retning

Dette valet bestemmer i kva retning lerretet skal teiknast, eller kva lysretning lyset som fell over lerretet skal ha, om du likar den forklaringa betre.

Djupn

Denne glidebrytaren bestemmer kor synleg lerretet skal bli. Skalaen går frå 1 (som er nesten umerkande) til 50 (som viser bare lerretet).