2.2. Å installere Script-Fu

Ein av fordelane med Script-Fu er at du kan dela skripta dine med andre. I tillegg til dei skripta som blir leverte saman med GIMP, finst det uteljande mange tilgjengelege for nedlasting rundt om på Internett.

  1. Når du har lasta ned eit skript, kopierar eller flytter du det til mappa di for skript. Kva for mappe dette er, finn du i menyen Innstillingar i hovudmenyen: MapperSkript .

  2. Oppdater skripta frå hovudmenyens UtvidScript-FuOppdater skript. Skriptet skal nå dukka opp i ein av menyane. Den mest sannsynlege er Filtermenyen. Dersom du ikkje finn det i noen av menyane, er det noe gale med skriptet. (Den vanlegaste feilen er syntaksfeil, altså skrivefeil).