11.7. GIMPressionist - Storleiksbehandlaren

11.7.1. Oversyn

Storleiksbehandlaren er ein del av filteret GIMPressionist. Du opnar behandlaren ved å klikke på knappen Rediger i fanen “Storleik” i innstillingane for dette fiteret. Behandlaren blir brukt til å bestemma kor store malingstrøka i filteret skal vere.

11.7.2. Innstillingar

Figur 15.184. Innstillingane i dialogen “Storleiksbehandlaren

Innstillingane i dialogen Storleiksbehandlaren

Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.

Smvektorar

Det venstre vindauget (Sm-vektorar) blir brukt for å plassere vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Den aktive vektoren er raudfarga, dei andre vektorane er farga grå.

Du kan legge til vektorar ved å trykke på knappen Legg til, som lagar ein ny vektor i sentrum av biletet, eller du kan klikke med den midtre museknappen der du ønskjer den nye vektoren skal plasserast.

Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.

Den høgre museknappen er ikkje i bruk i denne dialogen.

Du kan velje kva for vektor som skal vere den aktive ved å klikke på knappane << og >>.

Trykk på knappen Fjern for å fjerne den aktive vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet.

Storleik

Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.

Styrkeeksp.

Endrar eksponenten for penselstrøket (kva nå dette måtte bety).

Voronoi

Sjå under Retningskartbehandlaren for ei nærare forklaring.