8.2. Ny visning

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-15 KoSt

Kommandoen Ny visning oppretter eit nytt biletvindauge med det aktive biletet i. Du kan lage fleire visningar av eit bilete. Kvar visning blir nummerert automatisk med .1, .2 osv i tillegg til biletnamnet. Desse bileta representerer ikkje nye biletfiler, men ulike framsyningar av den same fila. Alle endringar du gjer i eitt av bileta, vil også bli viste i dei andre vindauga. Det einaste som kan vere forskjellig i dei ulike vindauga, er korleis dei blir viste på skjermen. Denne kommandoen kan vere nyttig når du arbeider på pikselnivå og gjerne vil ha eit auge med korleis biletet ser ut i normal storleik.

Du kan fjerne desse vindauga ved å lukke dei. Dersom du lukker det siste opne vindauget, lukker du også biletet. Har du gjort endringar utan lagring, blir du åtvara på vanleg måte.

8.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisNy visning.