2.2. Frihandsmarkering

Figur 7.6. Å bruke frihandsmarkeringa

Å bruke frihandsmarkeringa

Ei nokså grov markering

Å bruke frihandsmarkeringa

Å legge til ei markering i ei eksisterande markering


Lassoen er nokså unøyaktig når du bruker datamusa for å lage ei markering. Det er lett å treffe litt på sida av der du eigentleg hadde tenkt. Heldigvis finst det måtar å retta opp bommertane på. Har du behov for å utvida markeringa, held du nede Shift-tasten medan du teiknar dei nye grensene. Pass på at deler av den nye markeringa kjem innføre den eksisterande og at den nye markeringa er slutta. Så snart du slepp opp museknappen, vil den nye markeringa bli lagt til den gamle. Har du behov for å gjere markeringa mindre, bruker du Ctrl-tasten på same måten.

[Notat] Notat

For å arbeide meir nøyaktig kan du bruke snarmaska.