5. Dialogar og tavler

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1978 $ 2007-01-27 KoSt

5.1. Å hente dialogar

Dei fleste dialogane som kan limast inn andre stader, kan hentast fram på fleire måtar. Alle kan likevel hentast fram via hovudmenyens FilDialogar eller ved å bruke Legg til i fanemenyen i ein annan dialog. Det finst også tre ferdiglaga dialogsamlingar som du får fram frå hovudmenyens FilDialogarOpprett nytt dialogvindauge. Du vil her få følgjande val:

Lag, kanalar og baner

Dette vil gi deg ei dialogsamling som inneheld:

  • Kanaldialogen

  • Lagdialogen

  • Banedialogen

  • Angredialogen

Penslar, mønsterelement og fargeovergangar

Dette vil gi deg ei dialogsamling som inneheld:

  • Penseldialogen

  • Dialogen for mønsterelementa

  • Dialogen for fargeovergangane

  • Palettdialogen

  • Dialogen for skrifttypar

Diverse

Dette gir ei dialogsamling som inneheld

  • Bufferdialogen

  • Biletdialogen

  • Dialogen for dokumentloggen

  • Dialogen for biletmalar

[Tips] Tips

Sjølv om du har mykje å velja mellom, treng ikkje alle vala vere like gode. Vi anbefaler:

  1. Hald alltid dialogen for verktøyalternativa like under verktøyskrinet.

  2. Ha alltid lagdialogen open på ei anna tavle enn verktøyskrinet. Fest biletdialogen like over lagdialogen. (Bruk “Vis biletdialogen” i menyfana for å hente fram biletdialogen dersom han ikkje er synleg).