7. Å legge til nye penslar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1973 $ 2007-01-27 KoSt

For at GIMP skal kunna vise nye penslar i penseldialogen, må penslane, anten du har laga dei sjølv eller du har lasta dei ned frå andre, lagrast i eit format som GIMP forstår og i ei mappe der GIMP kan finne dei. Deretter må du oppdatera penseldialogen, eller starta GIMP på nytt. I GIMP er det tre filformat som blir brukte til penslar:

Figur 7.14. Innstillingane for ein mønsterpensel

Innstillingane for ein mønsterpensel

GBR

Formatet .gbr (“gimp brush”) blir brukt for vanlege penslar og for fargepenslar. Du kan konvertera mange biletformat, og penslar frå andre program, om til penslar i GIMP ved å opna dei i GIMP og deretter lagra dei med filendinga .gbr. Når du gjer dette, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del av eigenskapane til denne penselen. Ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet kan du finne i fila gbr.txt i mappa devel-docs som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.

GIH

Formatet .gih (“Gimp Image Hose”) blir brukt for mønsterpenslane. Desse blir laga frå bilete med mange lag. Kvart lag kan innehalde fleire penselformer arrangert i eit rutenett. Når du lagrar eit bilete som .gih-fil, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for penselen. Sjå nærare om dette i GIH dialogen. GIH-formater er relativt komplisert. Du kan finne ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet i fila gbr.txt i mappa devel-docs som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.

VBR

Formatet .vbr blir brukt for parametriske penslar, dvs. penslar laga med penselredigeringa. Det er elles ingen andre meiningsfulle måtar å lage filer i dette formatet på.

For å gjere ein pensel tilgjengeleg, må han leggjast i ei av dei mappene som GIMP søker i. Dette er til vanleg systemmappa brushes, som du ikkje bør gjere endringar i, og brushes-mappa i det personlege område ditt for GIMP, som du bør bruke. Du kan også legge nye mapper til søkevegen frå mappa penslar i instillingsdialogen som du finn i hovudmenyen: FilInnstillingarMapper, Alle filer som har endinga GBR, GIH eller VBR og som ligg i ein av søkevegane til GIMP, vil bli viste i penselmenyen neste gong du opnar GIMP, eller så snart du har klikka på knappen Oppdater i penseldialogen.

[Notat] Notat

Når du lager ein ny parametrisk pensel med penselredigeringa, vil denne automatisk bli lagra i den personlege brushes-mappa di.

Det finst utallege nettstader som du kan lasta ned penslar frå til bruk i GIMP. I staden for å setje opp ei lenkesamling, som likevel nokså snart vil bli for gammal, er det beste rådet å søke på nettet etter “GIMP penslar”, “GIMP brushes” eller noe liknande. Det finst også mange nettstader med penslar for andre teikneprogram. Mange, men ikkje alle, av desse penslane kan omformast til bruk i GIMP. Dei fleste prosedyrepenslane (“procedural brushes”) kan diverre ikkje nyttast i GIMP, same kor fancy dei måtte sjå ut. Skulle du ha bruk for slike penslar, kan du sjølvsagt likevel gjere eit forsøk på Internett, eller å finne ein ekspert som veit alt om penslar som passer for GIMP.