4.6. Forandre biletmodus

Bilete finst i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjere det så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vere hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greie alle desse omstillingane, og fleire til, ved å omforma bileta mellom tre hovudmodus. Du bytter ganske enkelt mellom fargemodus frå biletmenyen.

RGB - Detter er normalmodus, brukt for fargerike bilete i høg kvalitet. Det er også denne som er vanlegast når du skal skalere, beskjere eller bare spegelvende biletet fordi RGB-modus gir datamaskinen mest informasjon om biletet. Denne ekstra informasjonen gjer at RGB-modus også gir dei største biletfilene.

Litt detaljar, dersom du er interessert. Kvar piksel, eller biletpunkt om du likar det ordet betre, er sett saman av tre ulike komponentar: R for raud, G for grøn og B for blå. Kvar av desse kan igjen ha opp til 255 lysverdiar som styrer kor intens fargen skal vere. Alle biletpunkta er sett saman av ulike mengder av desse komponentane, og kan til saman representere millionar av fargar.

Indeksert - Denne blir mest brukt når det er viktig med små filer, eller når biletet inneheld få fargar. Eit indeksert bilete kan ha opp til 256 ulike fargar som er lagt inn i ein fargepalett. Kunsten er å pønske ut den optimale paletten for biletet ditt. Det er bare å prøve seg fram, anten med ferdiglaga palettar, eller ved å lage dei sjølv. Finn du ikkje ut av det, er det bare å bruke angreknappane.

Figur 3.26. Dialogvindauget for “Indeksert fargekonvertering

Dialogvindauget for Indeksert fargekonvertering

Som du sikkert har rekna med, sidan bileta inneheld mindre informasjon enn i RGB-modus, er biletfiler i indeksert modus også mindre. Ein ulempe med mindre informasjon er at du ofte møter på grå kommandoar i menyane, dvs. kommandoar som ikkje verkar, når du arbeider i indeksert modus. Ei løysing kan vere å gjere biletet om til RGB-modus som omtalt ovanfor. Dersom heller ikkje dette hjelper, kan årsaka til dei uverksame kommandoane vere at laget du arbeider på må vere gjennomsiktig. Dette kan du i tilfelle legge til ganske enkelt ved å gå inn biletmenyen på LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

Figur 3.27. Legg til alfakanal

Legg til alfakanal

Gråskala - Dersom du skulle ha behov for å omforma dei strålande fargebileta dine til noe som er bare svart og kvitt, med ein del gråtoner innimellom, er dette den enklaste metoden. Det utruleg mange bilete som faktisk blir betre i gråskala enn i farge.

Det er ingen grunn til å konvertere eit bilete til ein bestemt modus før du lagrar det. GIMP er smart nok til å eksportera biletet likevel.