4. Transformeringsverktøya

4.1. Felles eigenskapar

Figur 12.44. Transformasjonsverktøya i GIMP

Transformasjonsverktøya i GIMP

Denne gruppa inneheld sju verktøy som blir brukte til å forandra presentasjonen av biletet eller eit biletelement, eit biletlag, ei markering eller ein bane. Kvart av verktøya har sitt eige dialogvindauge for å setje ulike innstillingar, og ein informasjonsdialog for å bestemme ulike parametrar.

4.1.1. Innstillingane

Figur 12.45. Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og blir omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy blir omtalte saman med verktøyet.

Verkar på

GIMP har tre knappar som du kan bruke for å bestemme kva for biletelement verktøyet skal verkar på.

[Advarsel] Advarsel

Hugs at valet du gjer blir gjeldande heilt til du trykker ein annan knapp, også om du avslutter arbeidet.

Når du den første knappen er aktivisert, vil verktøyet arbeide på det aktive laget. Dersom laget inneheld ei markering, vil verktøyet verke på denne i staden for på laget.

Når den andre knappen er aktiv, vil verktøyet verke bare på markeringa, eller på heile laget dersom det ikkje finst markeringar.

Når den tredje knappen er aktivert, vil verktøyet verke bare på banar.

Transformasjonsretning

Transformasjonsretningen seier kva retning laget blir transformert, anten Framover (normal) eller Bakover (korrigerande). Framover betyr i denne samanhengen at biletet blir forandra til slik du ser det når du drar i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya.

Retninga bakover er først og fremst lagt inn for lettare å kunne rette opp geometriske feil i digitale bilete. Du drar i handtaka og tilpassar ramma eller rutenettet til den feilen du vil rette opp. Når du trykker Forskyv-knappen, vil ramma bli retta opp og dra biletet med seg. Skal du t.d. rette opp ein skeiv husvegg, plasserer du ramma parallelt med husveggen.

Interpolasjon

Ved hjelp av nedtrekkslista Interpolasjon kan du velje kvaliteten på transformasjonen. Sjå meir om dette i ordlista under interpolasjon.

Superutjamning

Dette er ein måte å glatte ut omforminga slik at skillet mellom markeringa og resten av biletet blir mindre synleg. (eng. Supersampling). Du finn meir om dette i ordlista under Superutjamning.

Beskjer resultatet

Dersom transformasjonen skulle føre til at biletet blir større, vil dette valet gjere at biletet blir klipt til same storleik som det hadde før omforming.

Førehandsvising

I GIMP kan du velje mellom fire ulike former for førehandsvising:

  1. Omriss: Legg ei ramme rundt området, med eit handtak i kvart hjørne. Når du drar i handtaka, vil bare ramma bli flytta på i førehandsvisinga. Biletet blir ikkje forandra før du trykker på knappen Forskyv.

  2. Rutenett: Legg eit nett over biletet, med eit handtak i kvart hjørne. Når du drar i handtaka, vil bare nette bli flytta på i førehandsvisinga. Biletet blir ikkje forandra før du trykker på knappen Forskyv.

  3. Bilete: Førehandsvisinga viser nå ein kopi av biletet, med ei ramme rundt. Flyttingane påverkar denne kopien. Det underliggande biletet blir synleg der kopien ikkje dekker biletet.

  4. Bilete + rutenett: Begge er synlege.

Dei ulike måtane for førehandsvising er lagt inn for å lette arbeidet. Same kva metode du vel, blir resultatet det same når du trykker knappen Forskyv.

Innstillingane med rutenett aktiverer ein nedtrekksmeny med to innstillingar: Talet på rutenettlinjer og Avstand mellom rutenettlinjene. Bruk glidebrytaren for å bestemme verdiane.

[Notat] Notat

Når du transformerer ein bane, vil førehandsvisinga vise omrisset. Dei andre innstillingane er utilgjengelege.