5.8. Posterisering

Dette verktøyet blir brukt til å redusere talet på fargar i eit lag eller ei markering utan å endra karakteristikken i originalbiletet.

5.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på yo måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyPosterisering,

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.8.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.78. Innstillingane for verktøyet “posterisering

Innstillingane for verktøyet posterisering

Talet på fargar

Ved hjelp av glidebrytaren, eller innskrivingsboksane, kan du bestemme talet på fargar (2 - 256) som skal brukast i kvar av RGB-kanalane for å beskrive det aktive laget. Sluttresultatet blir ein kombinasjon av desse nivåa. Set du talet på fargar til 3, vil dette gi 23 = 8 fargar i det ferdige biletet.

Førehandsvising

Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.