3.5. Blyant

Figur 12.25. Symbolet for “blyanten” i verktøyskrinet

Symbolet for blyanten i verktøyskrinet

Blyanten blir brukt når du skal teikne på frihand med harde kantar. Han liknar nokså mykje på malepenselen, men gir alltid skarpe kantar på streken sjølv om du nyttar diffuse penslar.

Dette kan vere nyttig når du arbeider med svært små bilete som t.d. ikon, eller med store forstørringar av eit bilete, og ønskjer kontroll på kvart einaste biletpunkt slik at alle endringar blir eksakt slik du ønskjer det.

[Tips] Tips

Skal du teikna rette linjer med blyanten, eller ein del av dei andre teikneverktøya, klikk på startpunktet, trykk deretter på, og hald nede Shift-tasten og klikk på sluttpunktet.

3.5.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyBlyant,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

3.5.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Ctrl

Hald denne tasten nede for å gjere blyanten om til ein Fargehentar.

Shift

Gjer at blyanten teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med venstre museknapp vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.

3.5.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.26. Innstillingane for verktøyet “blyant

Innstillingane for verktøyet blyant

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Modus, fargeovergang
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet oversikt over teikneverktøya.