5.2. Kulør og metning

Verktøyet for kulør og metning blir brukt for å justera nivåa for kulør, metning og lysstyrke i den aktive markeringa eller det aktive laget.

5.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargverktøyKulør og metning

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.2.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.66. Dialogvindauget for “kulør og metning

Dialogvindauget for kulør og metning

Vel primærfarge som skal endrast

Du kan velja mellom seks fargar som skal endrast. Fargane er sette opp etter HSV-fargesirkelen. Trykker du på knappen Alle, vil vala du gjer gjelde alle fargane.

Endre vald farge

Dei forandringane du gjer blir synlege i førehandsvisinga nærast den aktiverte knappen.

  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma kuløren i området frå -180 til +180, dvs. heile fargesirkelen.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma lysverdien i eit området frå -100 til +100.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma metninga i eit området frå -100 til +100.

Knappen Nullstill blir brukt dersom du angrar endringane og ønskjer å stille fargen/fargane tilbake til utgangspunktet.

Førehandsvis

Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.