5.4. Lysstyrke og kontrast

Dette verktøyet blir brukt for å justera lysstyrken og kontrasten i det aktive laget eller markeringa. Verktøyet er lett å bruka, men ikkje særleg avansert, og høver best i dei tilfelle du ønskjer ei rask justering av lysstyrke og kontrast. Treng du meir nøyaktige innstillingar av lysstyrke og kontrast, vil verktøya “nivå” og “kurver” vere meir effektive.

Frå og med GIMP 2.4 er det innført ei forenkling. Held du museknappen nede medan peikaren er innføre biletet, kan du dra markøren vertikalt for å endra lysstyrken og horisontalt for å endra kontrasten. Når du er nøgd med resultatet, kan du anten trykka på OK-knappen eller bruke Enter-tasten på tastaturet.

5.4.1. Aktivering

Du kan få fram dette verktøyet på to måtar :

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyLysstyrke-Kontrast

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.4.2. Innstillingar

Figur 12.68. Dialogvindauget for “Lysstyrke - kontrast

Dialogvindauget for Lysstyrke - kontrast

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor lyst eller mørkt biletet skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor stor eller liten kontrast det skal vere i biletet.

Førehandsvising

Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte på biletet.