2.6. Navigeringsdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1922 $ 2007-03-03 KoSt

Figur 13.20. Navigeringsdialogen

Navigeringsdialogen

Dersom biletet er større enn biletvindauget vil du bare kunne sjå ein del av biletet på skjermen. I slike tilfelle vil den synlege delen av biletet bli vist som ei ramme på dialogvindauget. Du kan dra ramma rundt i dialogvindauget for å velje kva område som skal visast på skjermen.

2.6.1. Aktivering

Du kan aktivere denne dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarNavigering

  • frå biletmenyen: DialogNavigering

  • frå biletmenyen: VisNavigeringsvindauget, eller snartastane Shift+Ctrl+N.

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneNavigering

Den raskaste måten er likevel å klikke på ikonet i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden aktiverer ikkje zoom-funksjonen.

2.6.2. Å bruke navigeringsdialogen

Glidebrytaren

Enkel og grei i bruk. Litt meir presis enn Zoom-kommandoen.

Knappane
  • Forminsk, Forstørr og Skala 1:1 treng vel ikkje nærare forklaring.

  • Tilpass bietet i vindauget gjer at biletet får same dimensjonane som biletvindauget.

  • Tilpass vindauget: Dersom det er plass på skjermen, vil vindauget bli forstørra for å kunne vise heile det forstørra biletet.