10.4. Forankre laget

Når du flytter på eller limer inn eit lag, vil det bli danna eit “flytande lag” eller ei “flytande markering” i biletet. Så lenge denne flytande markeringa finst, kan du bare arbeide på denne markeringa. For å kunne gjere noe med dei andre laga i biletet, må du først “forankre” det flytande laget til laget under. Dersom det ikkje er ei flytande markering i biletet, er denne kommandoen inaktiv.

[Notat] Notat

Dersom det er ei flytande markering i biletet, vil musemarkøren vise eit anker når han er utføre markeringa. Du kan då venstreklikka for å forankre markeringa til laget under.

Du kan også klikke på kommandoen Nytt lag i lagdialogen for å opprette eit nytt lag av den flytande markeringa.

10.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagForankre laget

  • eller med snarvegtastane Ctrl-H.