10.40. Legg til alfakanal

Kommandoen Legg til alfakanal legg inn ein alfakanal i det aktive laget. Det einaste laget som kan vere utan alfakanal, er botnlaget (bakgrunnslaget). Eit lag som ikkje har alfakanal kan heller ikkje vere gjennomsiktig og heller ikkje innehalde lagmaske. Dersom laget har alfakanal frå før, vil denne kommandoen vere deaktivisert, markert med grå skrift i menyen.

10.40.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til alfakanal