2. Kva er nytt i Gimp?

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1974 $ 2006-09-29 KoSt

GIMP 1.0 utvikla seg gradvis til den svært stabile og mykje brukte 1.2 utgåva. Tre år seinare hadde GIMP kome nærare den neste stabile utgåva, men då med så mange forandringar at utviklingsteamet fann det rimeleg å kalla den neste utgåva for versjon 2. GIMP 2.0.0 blei frigitt 23. mars 2004. Utviklarane la etter kvart inn ein del viktige funksjonar og GIMP 2.2.0 blei frigitt 19.desember 2004. Denne seksjonen handlar mest om desse nye funksjonane som blei lagt til i 2.2, men tar også føre seg det som var nytt i versjon 2.0.

Her vil du finne eit oversyn over dei viktigaste nye funksjonane som er introdusert i GIMP 2.2. Den erfarne brukaren av GIMP har kanskje alt gledd, eller irritert, seg over mange av dei mindre endringane som ikkje er nemnde her. Det er også gjort mange endringar innan programmeringa av programtillegg og script-fu, men desse blir ikkje omtalte i denne seksjonen.

2.1. Programsamarbeid og standardisering

  • Du kan dra og lime inn bilete frå GIMP til andre program som støttar denne funksjonen. For tida gjeld dette “image/png-format” for Abiword og Kword og kanskje noen fleire. Dessutan “image/xml+svg” for Inkscape. Du kan altså for eksempel lime inn kurver i GIMP frå Inkscape og deretter dra eit utval over til Abiword.

  • Du kan nå bruke alle mønsterformata som blir støtta av GtkPixbuf, inkludert png, jpeg, xbm.

  • GIMP kan nå laste inn fargeovergangar frå SVG-filer og palettar frå ACT- og RIFF-filer.

  • Dra-og-slepp er nå utvida. Du kan nå sleppe filer og URI i eit biletvindauge der dei vil bli opna som nye lag i det eksisterande biletet.