4. Nytt i GIMP 2

Versjon 2.0

Først litt statistikk: Kjeldekodene for GIMP inneheld nå omlag 230,000 linjer med C-kode. Dei fleste av desse måtte skrivast om for å kome frå versjon 1.2 til 2.0. Sett frå brukarane si side, er GIMP 2 likevel såpass lik GIMP 1 at det er nokså uproblematisk å skifte til siste versjonen. Sidan koden skulle skrivast om, blei programmet også strukturert på nytt, med reinare kodar. Dette vil forenkle arbeidet med å leggje til nye kodar seinare, men er elles lite merkbar for den vanlege brukaren.

Lista over forbetringar er svært lang. Difor har vi i det følgjande bare tatt med dei viktigaste.

Hovudverktøya

Basisverktøya i GIMP 2 er nokså mykje dei same som i GIMP 1. “Markering etter farge”-verktøyet er nå plassert i verktøyskrinet, medan det tidlegare låg i markér-menyen. Omformingsverktøya er nå delte i fleire spesialiserte verktøy: rotér, skalér, deling og perspektiv. Fargeoperasjonar er lagt til lag-menyen i LagFarge, men dette er nærast bare ei opprydding. Tidlegare var dei plasserte i bilet-menyen, men dette er ulogisk sidan dei er lag-operasjonar. Det finst altså ingen heilt nye verktøy i denne utgåva, men eit par verktøy er heilt omdefinert i høve til versjon 1.2, nemleg tekst-verktøyet og bane-verktøyet. Meir om dette seinare.

Utsjånaden til verktøyvindauget er også merkbart forandra. Dei fleste brukarane fann det irriterande at dialogvindauget for verktøyinnstillingane forandra storleik når nye verktøy blei valde. Difor er dette forandra slik at det nå har fast storleik. Vindauget er normalt ope heile tida, og er lett å finna der det er plassert like under verktøyskrinet.

Verktøyinnstillingane

Mange av verktøya har fått ein god del fleire innstillingar i høve til det som var mogleg i GIMP 1. Dei mest synlege forandringane er lista opp nedføre.

Alle markeringsverktøya har nå fått modusknappane Erstatt, Legg til, Subtraher og Snitt. I GIMP-1 var den einaste måten å forandra modus på å bruke Ctrl- eller Shift-tastane. Noe som kunne vere forvirrande all den tid desse tastane også i mange tilfelle hadde andre funksjonar. Heldt du t.d. nede Shift-tasten medan du brukte rektangelmarkeringa, gjorde dette at rektanglet blei eit kvadrat. For å legge til eit kvadrat måtte du altså først halde nede Shift-tasten medan du klikka på musebrytaren, deretter sleppe opp Shift-tasten og trykke han ned att medan du teikna opp markeringa og så endeleg sleppe Shift-tasten. Ingen tvil om at nåverande metode er ei forbetring.

For transformasjonsverktøya er det sett inn knappar der du kan bestemma kva objekt, dvs. lag, markering og bane, desse skal verka på. Spesielt er omforminga av banar sterkt forbetra.

Uttoningog Bruk farge frå fargeovergang er nå tilgjengeleg for alle teikneverktøya. Faktisk har kvart teikneverktøy sine eigne innstillingar for pensel, fargeovergang og mønster. Du kan velje ein pensel for blyanten og ein annan for malepenselen, eller ulike fargeovergangar for klone- og fyllverktøyet. I tillegg kan du endra desse innstillingane med musehjulet når musepeikaren er over vindauget for fargeovergangar.

Brukargrensesnittet

Den mest synlege forandringa i GIMP 2 er utsjånaden til skjermen. GIMP 2 bruker nå det grafiske verktøyet GTK2+ i staden for, som tidlegare, GTK+. Som ei fylgje av dette, kan du nå feste dialogar til menyane etter eige ønskje og bruke arkfaner for å navigera mellom dialogane i same vindauget. GIMP 1 var berømt for å kunna opna dialogar kvar som helst på skjermen. I GIMP 2 kan du opne dialogane i faste vindauge om du heller vil det. Dialogane inneheld ein liten fanemeny som hjelper deg å organisera arbeidsplassen din.

Også biletvindauget har fått ein del nye og interessante ting. Ikkje alle av desse er synlege til vanleg, men kan aktiviserast etter ønskje. Du kan velje om musemarkøren skal vise omrisset til teikneverktøyet eller ikkje, om du ønskjer ein biletmeny på toppen av biletet osv. Du kan ha ulike innstillingar for eit bilete vist i normalmodus og i fullskjermmodus. (Du kan forresten visa biletet i full skjerm ved å trykka på F11-tasten, og gå tilbake til normalvising med tasten Esc). Biletmenyen kan du henta fram, om han ikkje er på toppen av biletet, ved å høgreklikka i biletet og deretter velja vis, eller du kan klikka på det vesle triangelet i øvre, venstre hjørne av biletvindauget. Innstillingane du gjer i FilInnstillingar i hovudmenyen vil bli normalinnstillingane til du endrar dei igjen, medan innstillingane du gjer i biletmenyen bare gjeld det aktuelle biletet.

Dersom du bruker GIMP mykje, vil du truleg gå trøytt av å bruke datamusa i tide og utide. I GIMP 2 er det lagt inn snartastar slik at du kan bruke tastaturet til mange av vala. Dersom menylinja er synleg, kan du laga eit nytt bilete med tastane ALT-F-N Dersom menyen ikkje er synleg, kan du kalla han fram med tastane SHIFT-F10 og deretter bruke piltastane eller dei snartastane som står på menyen.

For å lette bruken, har GIMP i årevis hatt dynamiske snarvegar for mange av dei mest brukte menyvala. Altså snarvegar som du kan definere sjølv ved å halde nede aktuell tastekombinasjon medan du rasar over menyen. Dette kan du framleis gjere, men valet er til vanleg deaktivert for ikkje å kome i konflikt med eksisterande snarvegar.

Dersom du ønskjer å endra dei førehandsinnstilte snartastane i GIMP til slik dei er i Photoshop, finn du fila menurc i GIMP-mappene og endrar namnet til t.d. menurc-orig. Deretter endrar du namnet på fila ps-menurc til menurc.

Handtering av faner og festeplassar

Frå og med GIMP 2.0 blei det innført eit system med dialogfaner som gir deg høve til å komponera skrivebordet ditt etter eigne ønskje. Nesten alle dialogane kan flyttast til eit anna dialogvindauge og bli sleppt der for å lage ein fanedialog.

Vidare er det nedst i kvar dialog eit festeområde der du kan lima inn dialogar under faneområdet. Dette er lettare å sjå i praksis enn å forklara her.

Skript

Språket Python-fu er nå standardspråket for å lage skript i GIMP. Dette betyr at du kan bruke funksjonar frå GIMP i skript laga i Python og nytte Python for å lage programtillegg (Plug ins) for GIMP. Dersom du tidlegare har laga skript med det Lisp-liknande språket Scheme, som blei brukt i GIMP 1, vil du sjå at Python-fu er mykje enklare. T.d. er Python-fu sett opp med mange klassar for dei vanlegaste operasjonane slik at du slepp leite gjennom heile databasen for prosedyrar i GIMP. Python-fu har også eit integrert utviklingsområde og eit stort bibliotek med ulike prosedyrar og nødvendige programbitar. Python-fu kan også brukast både på Linux, Windows og Apple Mac OS X. Den største ulempa for GIMP 2 er at Python-Fu ikkje utnyttar all krafta som ligg i Python. Førebels kan du difor bare lage enkle skript. Her er ei oppgåve for vidareutvikling.

Gimp-Perl blir nå ikkje distribuert saman med GIMP, men er tilgjengeleg for Unix-liknande system som ekstrapakke. Det inneheld både eit enkelt skriptspråk og høve til å lage betre grensesnitt ved hjelp av Perlmodulen Gtk2. Du kan bruke PDL for direkte pikselmanipulering.

Script-Fu basert på Scheme har dei same ulempene som tidlegare, dvs. lite intuitivt og vanskeleg å bruke. Fordelen er at skript laga med Script-Fu kan leggjast direkte inn i GIMP utan vidare. Python-Fu krev her ei tilleggspakke.

Tekstverktøyet

I GIMP 1 kan du ikkje forandra ein tekst etter at han er teikna inn i biletet. Den einaste måten er å angre og deretter skrive inn ny tekst. Rett nok kom det i GIMP 1.2 eit programtillegg som kunne lage spesielle tekstlag, men dette var tungvindt i bruk. Frå GIMP 2 og utover, er dette sterkt forbetra. Nå kan du justera teksten etter ønskje i Verktøyinnstillingane, både skrifttype, storleik, farge og mykje meir. For å skriva inn ein tekst, vel du tekstmodus og klikkar på biletet. Det dukkar då opp eit lite redigeringsvindauge der du kan skrive og redigere teksten. Endåtil enter-tasten verkar som han skal. Du kan også importera tekst frå andre kjelder. Teksten blir lagt i eit eige tekstlag, og kan behandlast som andre lag. Du kan seinare opna dette laget og redigera teksten om du har behov for det, utan å gjere andre forandringar i biletet.

Baneverktøyet

Andregenerasjons baneverktøy har ein heilt ny utsjånad i høve til tidlegare. Noe av det første du merkar, er kanskje at banane ikkje treng vere lukka. Du kan bygge opp ein bane av mindre sirkelsegment eller andre korte strekar. Den andre store skilnaden er at baneverktøyet nå har tre ulike modus: Design (Lag ny), Rediger og Flytt

I designmodus kan du lage nye baner, legge til noder eller endre utsjånaden til eksisterande banar ved å dra i kantane på ei kurve eller dra i “handtaka” til ein node.

I redigeringsmodus kan du legge til eller fjerne noder kvar som helst på kurvene. Du kan også binde saman banekomponentar.

Modus Flytt er vel eigentleg sjølvforklarande. Du kan anten flytta kvar enkel komponent for seg, eller alle komponentane samstundes ved å halde nede Shift-tasten.

Frå og med GIMP 2.0 blei det innført to nye eigenskapar. I tillegg til å importera eit SVG-bilete som eit rasterbilete, kan du nå importera SVG-banar som GIMP-banar. GIMP er altså nå betre eigna som programtillegg til favorittprogrammet ditt for å laga vektorgrafikk. Den andre forbetringa er at GIMP nå kan lage vektorbasert oppstreking av banane. Tidlegare blei banane streka opp ved å dra ein pensel langs banen. Dette er framleis mogleg, men til vanleg vil du nå streke opp banen ved hjelp av vektorbiblioteket.

Andre forbetringar

Noen andre forbetringar som bør nemnast:

  • Betre kantutjamning, spesielt merkbart i tekstverktøyet.

  • Utskiftelege ikon og menyar. Du kan endre utsjånaden til GIMP med menyvala InnstillingarTema i hovudmenyen. Originalt finn du, utanom normaloppsettet, også eit valfritt oppsett kalla “small”.

  • Du kan lagra eit bilete som eit mønster og bruke det som grunnlag for andre bilete.

  • Det er lagt til fire nye modus for å kombinera ulike lag: “Hardt lys”, “Mjukt lys”, “Trekk frå korn” og “Flett korn”.

  • Dersom du har ei aktiv markering, kan du krympe biletet direkte til same storleik som markeringa med kommandoen BileteBeskjer biletet.

  • I tillegg til at du kan setje opp hjelpelinjer (Bm.: “innrettingslinjer”), er det nå også eit rutenett tilgjengeleg for å tilpassa komponentar (nesten) perfekt.

  • Lagdialogen er nå fullstendig. Det er ingen usynlege funksjonar som bare er tilgjengelege ved høgreklikk på miniatyrbiletet. Alle operasjonane er også tilgjengelege frå menyen, så som lagmaske, dekningsevne, transformasjon og manipulering av lagfargane.

  • Fargefiltra er nå tilgjengelege direkte frå menyen VisVis filtra. Ved å bruke desse filtra, kan du gjere ein heil del endringar på biletet utan å endra sjølve biletet. Dette er første gongen dette er med i ein stabil versjon av GIMP.

  • Dialogen for fargeval har nå også ein CMYK-modus som er tilordna kommandoen skriv ut.

  • Data som ulike digitalkamera lagrar som EXIF-data knytt til bileta, blir nå tatt med ved lasting og lagring av JPEG-filer, men førebels kan GIMP ikkje gjere seg nytte av EXIF.

  • GIMP har nå støtte for MNG-animasjonar (animert PNG). Fordelen med MNG-formatet i høve til det meir vanlege GIF-formatet, er større fargerikdom, 256 nivå av gjennomsikt og ingen patentrettar slik GIF-formatet har. MNG blir støtta av alle nyare nettlesarar, men bare delvis av Internet Explorer 6 og lågare.

  • Animasjonspakka til GIMP har nå “onion-skinning”. I tillegg også ei form for “bluescreen” og dessutan støtte for lyd.

  • Eit filter for kanalmiksing er lagt til og tilgjengeleg frå FilterFargarKanalmiksar i biletmenyen.