Kapittel 5. Få bilete inn i GIMP

Innholdsfortegnelse

1. Bilettypar
2. Å opna filer
2.1. Opna frå menylinja
2.2. Opna frå ei nettadresse
2.3. Opna tidlegare brukte filer
2.4. Filutforskaren
2.5. Dra og slepp
2.6. Kopier og Lim inn
2.7. Biletutforskaren

Dette kapitlet handlar om dei ulike måtane du kan bruke for å legge bilete inn i GIMP. Korleis du kan lage nye bilete, korleis du kan laste inn bilete frå biletfiler og korleis skanne og lage skjermdump.

I første omgang vil vi likevel sjå litt på den generelle biletoppbygginga i GIMP.

1. Bilettypar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1974 $ 2006-08-28 KoSt

Det er freistande å førestella seg at eit bilete er det du ser i eit enkelt skjermvindauge, eventuelt kopla for eksempel til ei JPEG-fil. I røynda vil eit GIMP-bilete oftast vere mykje meir komplisert og sett saman av fleire einingar, så som lag, ei markeringsmaske, eit kanalsett, eit banesett, ein angrelogg osv. I dette kapitlet skal vi sjå nærare på alle komponentane som eit bilete kan vere bygd opp av, og kva du kan gjere med dei.

Grunneigenskapen i eit bilete er fargemodus. Det er tre moglege modus: RGB, gråskala og indeksert. RGB står for Raud-Grøn-Blå (OK, eigentleg engelsk: Red-Green-Blue, men for ei gongs skuld passar forkortinga også med norsk). I RGB-modus er kvart biletpunkt sett saman av eit “raudnivå”, eit “grønnivå” og eit “blånivå”. Fordi alle dei synlege fargane kan lagast som ein kombinasjon av raudt, grønt og blått, vil eit RGB-bilete kunne visast i fullfarge. Kvar av fargekanalane R, G og B, har 256 ulike styrkegrader. Du kan finne meir om dette under Fargemodus i ordlista.

I eit gråskalabilete er kvart biletpunkt representert med eit tal som viser lysverdien dette punktet har. Lysverdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Verdiane mellom desse ytterpunkta gir ulike gråtoner.

Figur 5.1. Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I RGB-modus gir dei tre grunnfargane raud, grøn og blå til saman kvit farge. Det er slik fargane blir laga på biletskjermen.

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I CMY(K)-modus gir grunnfargane cyan, magenta og gul til saman svart. Det er slik fargetrykka blir laga. Som oftast blir trykka justerte med rein svart i tillegg til dei tre fargane.


Den viktigaste skilnaden mellom eit gråskalabilete og eit RGB-bilete er talet på “fargekanalar”. Gråskalabiletet har éin slik kanal, medan RGB-biletet har tre. Eit RGB-bilete kan sjåast på som eit bilete sett saman av tre gråskalabilete der den eine gråskalakanalen er farga raud, den andre grøn og den tredje blå.

Både fargebilete og gråskalabilete har som oftast ein kanal til, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen styrer kor gjennomsiktige fargepunkta skal vere. Når alfakanalen er sett til null, er laget heilt transparent, dvs. fullstendig gjennomskinleg. Fargen du ser blir bestemt av fargen på laget under. Er alfa sett til maksimum (255), betyr det at laget er lystett, dvs. opakt, altså fullstendig ugjennomsiktig. Fargen blir bestemt av det aktuelle laget. Alfaverdiar mellom desse ytterpunkta gir ulike grader av gjennomsikt. Den synlege fargen blir ei blanding av fargen på aktuelt lag og fargen på laget eller laga under. Kanskje litt vanskeleg å førestilla seg gjennomsiktige fargar på denne måten, men det er det same du opererer med når du laserer eller driv med ulike former for beis.

Figur 5.2. Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit fargebilete i RGB med tilhøyrande kanalar for raud, grøn og blå.

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit gråskalabilete med tilhøyrande kanal for lysverdiar


I GIMP kan alle fargekanalane, inklusive alfakanalen, ha verdiar frå 0 til 255. Dette er det same som 8-bits oppløysing for dei som er inne i dataterminologien. Mange digitale kamera opererer med 16-bits oppløysing, dvs. 65536 fargeverdiar. Dette kan GIMP ikkje behandla direkte, men må omforme biletfilene til 8-bits. Ut frå teorien, skal dette gi eit dårlegare bilete, men i praksis er det stort sett uråd å sjå skilnaden. Einaste er dersom biletet inneheld store flater der fargane varierar svært lite.

Figur 5.3. Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Alfakanalen bestemmer kva for delar av biletet som skal vere gjennomsiktige, og kor mykje gjennomsiktige dei skal vere.

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eit fargebilete i RGB-modus med alfakanal.


I indeksmodus blir det brukt eit sett med opp til 256 utvalde fargar. Desse fargane dannar fargekartet, eller paletten, for biletet. Kvart punkt i biletet er kopla til ein farge på fargekartet. Fordelen med indekserte bilete er at dei tar relativt lite plass i datamaskinen. I gamle dagar, dvs. for inntil omlag 10 år sidan, var denne måten mykje nytta nettopp for å spare minne- og lagerplass. I dag er det lite brukt, men er likevel rekna som viktig nok til å bli med i GIMP. (Det finst også noen få biletbehandlingar som er lettare å bruke i indeksert modus enn i RGB).

Ein del av dei vanlege biletfilformata (inkludert GIF) blir opna som indekserte bilete i GIMP. Sidan mange av verktøya i GIMP ikkje kan brukast, eller har avgrensa bruk, på indekserte bilete, vil det i mange tilfelle vere ein god ide å endra biletet til RGB-modus før du byrjar å arbeida med det. Er det nødvendig, kan du heller omforma det til indeksert modus igjen før du lagrar det.

I GIMP er det lett å omforma eit bilete frå ein type til ein annan med kommandoen Modus i biletmenyen. Hugs at du kan risikera å miste informasjon for alltid ved slike omformingar. Dette gjeld t.d. om du konverterer frå RGB til gråskala. Det hjelper i dette tilfellet ikkje så mykje å endre til RGB att. Fargeinformasjonen er og blir borte.

[Notat] Notat

Er filteret du ønskjer å bruke markert som utilgjengeleg på menyen, kjem dette oftast av at biletet, eller meir nøyaktig: laget du arbeider på, er av feil type. Mange filter verker ikkje på indekserte bilete. Andre kan bare nyttast på RGB-bilete eller bare på gråskalabilete. Noen krev også at alfakanalen er i bruk, eller at han ikkje er i bruk. Skulle du oppleve noe av dette, skift til ein annan modus. Som oftast vil dette seie RGB-modus.