3. Snarmaske

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1945 $ 2005-09-06 KoSt

Figur 7.7. Bilete med aktiv “snarmaske

Bilete med aktiv snarmaske

Det hender at markeringsverktøya møter grensene sine når oppgåvene blir svært komplekse. I slike tilfelle kan det ofte vere lurt å bruke Snarmaske for å redusere problema litt.

3.1. Oversyn

Når du lager ei markering i GIMP, vil dette til vanleg bli vist med “marsjerande maur” rundt kanten. I røynda kan det vere mykje meir i markeringa enn det desse “maura” viser deg. Eigentleg er ei markering i GIMP ein fullverdig gråskalakanal som dekker biletet med verdiar frå 0 (ikkje synleg) til 255 (full dekking). Dei marsjerande maura blir teikna langs ein kant der det er 50% dekning. Tilsynelatande viser prikkelinja kva som er innføre eller utføre markeringa, men er altså eigentleg eit gjennomsnitt i ein overgang.

Snarmaska er GIMP sin måte å vise heile strukturen i markeringa på. Når snarmaska er aktivert, kan du også arbeide med markeringa på nye, og vesentleg kraftigare måtar. For å aktivera Snarmaske, klikkar du på den vesle knappen i nedre, venstre hjørnet på biletvindauget. Klikkar du ein gong til, vil snarmaska bli kopla frå, og maura dukkar opp att. Du kan også aktivera Snarmaske frå menyen i biletvindauget ved å klikka på VelSnarmaske av/på, eller ved å bruke snarvegen Shift-Q.

Du kan sjå på snarmaska som eit halvgjennomsiktig lag lagt over biletet. Gjennomsikten til kvart av biletpunkta på maska syner kor synleg kvart punkt skal vere. Dess mindre transparent eit punkt er, dess meir blir det påverka av maska. Fullt markerte pikslar er fullstendig klare. I utgangspunktet er maska raudfarga, men dette kan du endra dersom ein annan farge høver betre.

Når du er i snarmaskemodus, vil mange av endringane du gjer bare bli utførte i markeringskanalen, og ikkje på heile biletet. Dette gjeld spesielt for dei ulike teiknereiskapane. Teiknar du med kvitfarge, vil dei kvite punkta bli markerte. Bruker du svart farge, vil dei teikna punkta vere umarkerte. Du kan bruke alle teiknereiskapa til dette, også verktøya for fyll og fargeovergangar. Som oftast vil det å arbeide med markeringar vere den lettaste, mest effektive og mest elegante måten å manipulera biletet på.

[Tips] Tips

For å lagra dei markeringane som er gjort med Snarmaske til ein kanal, går du til biletmenyen og vel VelLagre til kanal.

[Tips] Tips

Når Snarmaske er aktivisert, verkar Klipp og Lim bare på markeringa og ikkje på heile biletet. I mange tilfelle kan du gjere deg nytte av dette når du skal overføra ei markering frå eitt bilete til eit anna.

Du kan lære meir om snarmasker og markeringsmasker i kapitlet om kanaldialogane.