5. Fil”-menyen i biletvindauget

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1925 $ 2007-02-07 KoSt

5.1. Filmenyen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-07 KoSt

Figur 14.20. Filmenyen for biletmenyen

Filmenyen for biletmenyen

Figur 14.21. Filmenyen i verktøyskrinet

Filmenyen i verktøyskrinet

Innhaldet i Fil-menyen treng ikkje sjå ut slik som på biletet. Utanom dei menyvala som GIMP sjølv legg inn, hender det at ulike programtillegg også fyller ut menyen med eigne innslag. Du finn nærare opplysningar om desse innslaga i dokumentasjonen som følgjer desse tillegga.

[Notat] Notat

Du kan finne andre menyar på menylinja utan at dei er omtalte her. Dette kjem av at dei ikkje er med i standardoppsettet for GIMP men er lagt inn av eitt eller anna programtillegg. Ønskjer du meir informasjon om slike menyar, må du leite i dokumentasjonen for programtillegget.