9.13. Lerretformat

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1891 $ 2007-02-19 KoSt

Lerretet” er den synlege delen av eit bilete. Som oftast samasvarar lerretformatet med storleiken på laga i biletet. Kommandoen Lerretformat gir deg høve til å forandra storleiken på lerretet utan å endra noe på innhaldet i biletet. Gjer du lerretet mindre enn biletet, vil det synlege området bli krympa, men sjølve biletlaget eksisterer likevel, usynleg, utanfor lerretkanten.

9.13.1. Beskriving av dialogen “Lerretformat

Figur 14.67. Dialogen “Lerretformat

Dialogen Lerretformat

Lerretstorleik

Breidde; Høgde

Du kan bestemma Breidde og Høgde på lerretet. Til vanleg blir desse målt i pikslar, men du kan velje andre måleeiningar etter behov frå nedtrekkslista, eller du kan velje prosent dersom den nye dimensjonen skal vere relativ til lagformatet. Dersom lenka til høgre for breidde og høgde ikkje er broten, vil breidde og høgde få same relative forholdet som i biletet. Bryt du lenka ved å klikka på ho, kan du setje breidde og høgde uavhengig av kvarandre.

Same kva måleeining du bruker, vil informasjonen om breidde og høgde alltid bli vist i pikslar like under felta Breidde og Høgde saman med informasjon om oppløysing. Du kan ikkje endra opplysinga i denne dialogen. Då må du i tilfelle bruke dialogen Utskriftstorleik.

Forskyving

Verdiane i Forskyving bestemmer plasseringa av biletet på lerretet. Resultatet blir vist i førehandsvisinga. Dersom lerretet er mindre enn biletet, syner førehandsvisinga lerretet som ei tynn, svart ramme.

X ; Y

Parametra X og Y er koordinata for det øvre, venstre hjørnet av biletet relatert til det tilsvarande hjørnet av lerretet. Når lerretet er mindre enn biletet, blir verdiane negative. Den vanlege måleeininga er piksel, men du kan endre dette ved behov. Du kan skrive nye verdiar i tekstboksane, eller du kan klikke på piltastane i enden av boksane for å flytte biletet ein piksel om gongen. Held du nede Shift-tasten, flytter biletet seg 10 pikslar om gongen.

Sentrer

Knappen Sentrer sentrerer biletet på lerretet. Verdiane for forskyving blir rekna ut automatisk og vist i tekstboksane.

[Notat] Notat

Når du klikkar du på knappen Endre storleik, blir lerretet sett til dei valde verdiane. Sjølve biletet og visinga av det, blir ikkje forandra.

Dersom lerretet blir større enn biletet, vil det ikkje vere noe lag i området rundt biletet. Dette området er gjennomsiktig, noe som blir markert med sjakkbrettmønsteret. Skal du arbeide på denne delen av lerretet, må du gjere det om til eit biletlag først. Dette kan du gjere med å flate ut biletet. Dette gir eit bilete med eitt lag. Er dette lite ønskjeleg, kan du i staden utvida det aktive laget med kommandoen Laget til biletformatet. Endeleg kan du kreere eit heilt nytt lag og fylle dette med den bakgrunnen du ønskjer. Dette vil gi ein digital “passe-partout” (ei slags pappramme med opning for biletet).