3.4. Dialogen for fargeovergangar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-18 KoSt

Figur 13.28. Dialogen for fargeovergangar

Dialogen for fargeovergangar

Dette dialogvindauget viser alle tilgjengelege fargeovergangane (Bm.: gradienter) som blir brukte mellom anna med Fargeovergangsverktøyet og i ein del andre samanhengar. Ved hjelp av denne dialogen kan du også gjere ein del operasjonar på overgangane. Ein overgang blir aktivisert, og såleis vist i verktøyskrinet, ved å klikka på han i dialogen. GIMP blir levert med noen titals ferdiginstallerte overgangar, men du kan også lage dine eigne ved hjelp av Fargeovergangsbehandlaren. Du kan finne meir om overgangane og bruken av dei i avsnittet om fargeovergangar.

Dei fire første fargeovergangane i dialogen er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den aktive forgrunnsfargen og den aktive bakgrunnsfargen.

3.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarLag

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fleire dialogar, der den eine av dei er dialogen for fargeovergangar.

  • frå verktøyskrinet ved å klikka på ruta for fargeovergangar

  • frå biletmenyen: DialogarFargeovergangar

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneFargeovergangar

  • eller frå eit bilete med snarvegen Ctrl-G

3.4.2. Å bruke dialogen

Den mest nærliggande bruken av dialogen er å klikke på ein overgang for å gjere denne til den aktive fargeovergangen. Kva for ein fargeovergang som er aktiv, blir vist i verktøyskrinet.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gi overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangsbehandlaren. Det er ikkje råd å gjere forandringar i dei førehandsinstallerte fargeovergangane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjere endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, bare i dei du lager eller installerer sjølv.

Tabell-/Liste-modus

Frå fanemenyen kan du velje om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vere vanskeleg å velje frå tabellen i og med at det er lett å bli forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruke.

[Notat] Notat

Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.

Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:

Rediger fargeovergang

Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangsbehandlaren.

Ny fargeovergang

Denne knappen opnar fargeovergangsbehandlaren med ein enkel gråskala fargeovergang som du kan forandra etter behov. Sjølvlaga fargeovergangar blir automatisk lagra i den personleg mappa gradients i GIMP-katalogen. Overgangane i denne mappa blir lasta inn når du starter opp GIMP. Du kan velje å bruke ei anna mappe for denne lagringa ved å gå inn på dialogen innstillingar i hovudmenyen.

Kopier fargeovergangen

Lager ein kopi av den aktive fargeovergangen. Du kan redigere kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigere originalen.

Slett fargeovergangen

Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerne alle spor etter den aktive fargeovergangen. Du blir bede om å bekrefta slettinga.

Oppdater fargeovergangane

Dersom du har lagt til dine eigne fargeovergangar, vil eit trykk på denne knappen gjere desse synlege i dialogvindauget. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.

Alle funksjonane som blir utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå tilleggsmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar. Denne menyen har også ein ekstra funksjon:

Lagra som POV-Ray...

Dette betyr at fargeovergangen blir lagra i eit format som blir brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.

3.4.3. Fargeovergangsbehandlaren

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1843 $ 2006-03-16 KoSt

Figur 13.29. Fargeovergangsbehandlaren

Fargeovergangsbehandlaren

Fargeovergangsbehandlaren blir brukt for å redigere fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjere forandringar på.

Dette er eit av dei verktøya som det kanskje vil ta litt tid å venne seg til å bruke. Tanken bak er at ein fargeovergang eigentleg er sett saman av segment . Kvart segment inneheld ein mjuk overgang frå fargen ved den eine kanten til fargen ved den andre kanten av segmentet. Med overgangsbehandlaren kan du legge inn så mange element som du har bruk for. For kvart element kan du bestemme kva farge det skal ha på kvar av sidene. I tillegg kan du også bestemme korleis overgangen mellom fargane skal sjå ut.

3.4.3.1. Aktivering

Overgangsbehandlaren er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • Ved å dobbeltklikke på miniatyren av fargeovergangen i dialogen for fargeovergangar.

  • Frå hjelpemenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogen “Fargeovergangar” og deretter vel Rediger fargeovergang i menyen.

  • Ved å trykke på knappen Rediger fargeovergang nederst i dialogvindauget “Fargeovergangar”.

  • Frå fanemenyen som kjem fram når du klikkar på den vesle trekanten i dialogvindauget. Gå inn i menyen og vel Meny for fargeovergangarRediger fargeovergang.

3.4.3.2. Oppbygging og bruk av dialogen
Namn

I øvre del av dialogvindauget finn du ei rute med namnet på overgangen. Dersom du har lov til å redigera overgangen, kan du skrive eit høveleg namn her. Har du ikkje lov til å gjere noe med overgangen, er namnet “gråa ut”, dvs. du kan ikkje forandra det.

Arbeidsområdet

Den store ruta midt i dialogvindauget viser overgangen. Dersom du har aktivert Oppdatering etter kvart, vil alle forandringar du gjer bli viste medan du arbeider på overgangen, elles vil forandringane bli synlege først når du slepp opp museknappen.

Når du flytter musepeikaren rundt på visinga av overgangen, vil det dukka opp ein del data i infoområdet under biletet. Desse er relative data og er sett opp slik at t.d. posisjonen blir vist med tre desimalar frå 0,000 (venstre side) til 1,000 (høgre side). Dersom du klikkar ein stad på visinga, blir fargen under musepeikaren sett til forgrunnsfarge i verktøyskrinet, eller bakgrunnsfarge dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar.

Områdeveljarane og skyvebrytaren

Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trakantane viser skillet mellom to segment, medan dei kvite trekantane blir brukte til å bestemma forma på fargeovergangen i segmentet. Du vel eit bestemt element ved å klikka på det ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane. Hald nede Shift-tasten for å velje eit område sett saman av fleire samanhengande segment. Det valde elementet blir markert ved at linja mellom dei svarte trekantane blir utheva. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for “Oppdatering etter kvart” vil endringane vere synlege medan du utfører dei, elles må du vente til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.

Du kan altså dra dei svarte trekantane langs linja for å flytte skillet mellom to segment, eller dei kvite trekanatane for å forandre forma på segmentet. Du kan også klikke på og dra markeringa for segmentet for å gjere segmentet større eller mindre. Det kan ikkje vere område utan element i overgangen, så dersom du komprimerer eitt element, vil det elementet som ligg inntil bli utvida, og omvendt. Endeleg kan du halde nede Shift-tasten for å komprimere eller utvide fleire segment samstundes.

Glidebrytaren

Glidebrytaren under trekantane kjem bare i bruk dersom du forstørrer visinga med knappane nedanfor.

Info-området

Under glidebrytaren igjen er eit større område som blir brukt til å vise ein del informasjonar og meldingar om handlingane dine.

Knappane

Nedst i dialogvindauget finn du fem knappar:

Lagra

Klikk på denne knappen for å lagra overgangen i den personlege mappa di for fargeovergangar. (Mappa gradients). Neste gong du startar GIMP, eller dersom du trykker Oppdater -knappen i overgangsdialogen, vil fargeovergangen din dukka opp i lista saman med dei andre overgangane.

Tilbakestill

Klikk på denne knappen for å tilbakestilla overgangen til slik han er lagra. (Denne knappen er førebels ikkje aktivert, og verkar altså ikkje).

Forminsk

Klikk på denne knappen for å krympe visinga horisontalt.

Forstørr

Klikk på denne knappen for å utvida visinga horisontalt. Bruk glidebrytaren for å vise utvalde område av overgangen.

Tilpass

Tilpassar visinga av overgangen slik at han passar akkurat i vindauget.

3.4.3.3. Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Figur 13.30. Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Du kan opna denne menyen anten ved å høgreklikka på fargeovergangsbehandlaren eller ved å klikke på den øverste posten i fanemenyen. (Fanemenyen kjem fram når du klikkar på trekanten oppe i høgre hjørnet). Denne menyen blir brukt for å bestemme kantfargane for kvart element og korleies overgangen mellom desse fargane skal vere.

Menyen inneheld desse postane:

Farge for venstre/høgre endepunkt

Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargebehandlaren.

Hent venstre/høgre farge frå

Figur 13.31. Undermenyen “Hent farge frå

Undermenyen Hent farge frå

Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargelegga endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal hente farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velje mellom:

Høgre endepunkt for venstre nabo

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.

Høgre endepunkt

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.

Forgrunnsfarge/Bakgrunnsfarge

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som forgunnsfargen eller bakgrunnsfargen vist i verktøyskrinet.

RGBA-postane

Desse innslaga viser ulike førehandsdefinerte fargar. Du kan legge til dine eigne fargar ved å bruke kommandoen “Lagra venstre/høgre farge til” som er omtalt nedanfor. Du klikkar på eit av innslaga for å gjere dette til aktuell farge for det venstre endepunktet i det valde segmentet.

Lagra Venstre/Høgre farge til

Bruk dette valet for å legge aktuell farge til RGBA-postane nemnde ovanfor.

Blandemåte for segment/område

Figur 13.32. Undermenyen for blandefunksjonen

Undermenyen for blandefunksjonen

Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma blir bestemt med ein matematisk funksjon:

Lineær

Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.

Bøygd

Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.

Sinusforma

Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.

Sfærisk (aukande)

Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.

Sfærisk (minkande)

Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.

Fargemodus for segment/område

Figur 13.33. Undermenyen for fargemodus

Undermenyen for fargemodus

Her kan du velje mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.

Spegelvend segment/område

Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.

Kopier segment/område

Denne kommandoen deler det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.

Del segmenta ved midtpunkta

Denne kommandoen deler kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.

Del segmenta likt

Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men deler kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.

Slett området

Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det blir sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som blei sletta. Segmenta på kvar side blir utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.

Sentrer midtpunkta for segmentet/området igjen

Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.

Omfordel handtaka i segmentet/området

Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det blir same avstand mellom dei.

Bland fargane for endepunkta

Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.

Bland dekkevne for endepunkta

Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.

[Obs] Obs

Du kan ikkje angra det du gjer i denne behandlaren, så ver forsiktig. Det beste er å arbeide på ein kopi.