5.3. Opna

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1915 $ 2007-02-07 KoSt

Kommandoen Opna opnar eit dialogvindauge slik at du kan lasta inn eksisterande bilete frå harddisken eller eit eksternt lagringsmedium. For alternative, og av og til enklare, måtar å laste inn filer på, sjå avsnittet filer.

5.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilOpna

  • Du kan også opna dialogvindauget med snarvegen Ctrl-O.

5.3.2. Bla gjennom filene

Figur 14.27. Dialogen “Opna

Dialogen Opna

1

Det venstre panelet er delt i to. I den øvre delen finn du ei liste over hovudkatalogane og tilgjengelege lagringsmedia. Du kan ikkje gjere endringar i denne lista. Den nedre delen viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse etter behov. For å legge til eit bokmerke, vel du ein katalog eller ei fil i midtpanelet og trykker på knappen Legg til. Dersom maskinen din er sett opp slik, kan du også bruke Legg til bokmerke i menyen som kjem fram når du høgreklikkar. Du kan fjerne eit bokmerke ved å markera ønskt merke og trykke på knappen Fjern.

2

Det midtre panelet viser kva filer som finst i den valde katalogen. Her kan du dobbeltklikka på eit katalognamn for å bytte katalog. Du vel ut ei fil ved å klikka på filnamnet ein gong og deretter trykke på knappen Opna, eller enklare, ved å dobbeltklikka på filnamnet.

Er maskinen din sett opp slik, kan du høgrekklikka i midtpanelet for å få fram dialogvindauget Opna adresse. Dersom dette ikkje verkar, prøv med tastesnarvegen Ctrl-L.

3

Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vil biletet bli vist i vindauget heilt til høgre, saman med opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.

[Tips] Tips

Dersom biletet er endra av eit anna program, kan du klikka på vindauget Førehandsvising for å oppdatera det.

4

Banen for den opna fila blir vist over det midtre panelet. Du kan klikka på knappane for å navigera deg fram i katalogane.

5

Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype.

6

Den vesle knappen Vel filtype er normalt sett til Funne automatisk. Til vanleg vil GIMP bestemma filtypen automatisk. Dermed treng du normalt ikkje bry deg om denne innstillinga anna enn i dei heilt sjeldne tilfella der det er uråd å bestemma filtypen ut frå filendinga og interne fildata, og du må velje frå lista.