2.6. Biletavhengige skript

Stensil

Verkar bare på gråskalabilete. Du finn her to skript: “Skjer ut” og “Chrome-It” som lagar artistiske effektar.

Slagskygge

dette skriptet lager ein skygge bak biletet eller ein utvald del av biletet. Verdiane du sett for “Avstand X” og “Avstand Y” bestemmer kvar skuggen skal vere i høve til markeringa, medan “Sløringsradius” bestemmer avtoninga av skuggen. Høge verdiar gjer at skyggen fell langt borte, medan små verdiar flytter skyggen nærare. Sløringa aukar med lengda på skyggen.

Perspektivskygge

Skriptet “Perspektivskygge” har i tillegg ein “perspektiv-vinkel”. Blir denne sett til 0 eller til 180, blir det ingen skygge, elles bestemmer dette talet vinkelen på skyggen i høve til biletet. Dei andre parametra er nokså sjølvforklarande. Skriptet kan gi fine verknader i noen vinklar, men sjå heilt unaturleg ut med andre vinkelverdiar. Her er det bare å prøve seg fram.