5.2. Banar og markeringar

I GIMP kan du omforma markeringar i eit bilete til bane, og omvendt. Du kan finne nærare informasjon om korleis dette går føre seg i avsnittet om markeringar.

Når du omformer ei markering til ein bane, vil banen følgje dei “marsjerande maura”. Sidan markeringa er todimensjonalt medan banen er eindimensjonal, er det uråd å gjere denne omforminga utan å missa ein del informasjon. Såleis vil all informasjon om delvis markerte område (t.d. fjørkantar) forsvinna. Når ein bane blir ført tilbake til ei markering, vil dette resultera i ei alt-eller-ingenting-markering, på same måten som når du vel “Gjer skarpare” i menyen Vel.