Dette filteret legg til ein «predator»-effekt i biletet. Effekten har opphavet sitt i predator-filmane og skal etterlikne måten predatoren ser omverda på i desse filmane, dvs. ei form for termogram eller liknande. Filteret reduserer biletet til ei form for relieff med nokre få basisfargar på ein mørk bakgrunn.
Dersom det er eit aktivt utval i biletet, vil filteret arbeide på dette, elles vil det arbeide på alfakanalen i biletet. Filteret legg til alfakanal dersom denne manglar. Effekten gjer seg best på fargerike bilete i RGB-format.
«Predator» bruker filteret sobeldelen av filteret relieff for å finne og markere brå fargeovergangar, kantar, i biletet. Verdien du vel for kantmengde vert overført til dette filteret. Dess høgare verdi, dess fleire kantar vert markerte.
Dersom dette valet er aktivert, vert filteret pikseliser brukt for å bygge opp biletet av mange einsfarga kvadrat før predatoreffekten vert tilført. Storleiken på desse kvadrata har stor innverknad på det ferdige biletet, og vert bestemt med kontrollen Pikselmengde. Sjå eksempla nedanfor.
Dette er storleiken på fargeblokkene som biletet vert forenkla til dersom Pikseliser er aktivert. Det som eigentleg skjer er at biletoppløysinga vert sterkt redusert, noko du kan sjå i eksempla nedanfor.
Dersom det er merka av for denne, vil det aktive utvalet eller, dersom det ikkje finst utval i biletet, det aktive laget vere aktivt også etter at filteret er brukt.
Dette valet gjer at filteret vil arbeide på ein kopi av det aktive laget. Det opphavlege laget vert uforandra. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil filteret arbeide på det aktive laget.