Kommandoen
vert brukt til å setje nøyaktig posisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med «auge»-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeider med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del verdiar for plasseringa.Notat | |
---|---|
I GIMP 1.2 var det øverste synlege laget utgangspunktet for innrettinga. I GIMP 2 er utgangspunktet kantane på lerretet. Du kan også bruke botnlaget som basis for innrrettinga, sjølv om det ikkje er synleg, ved å markere for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis i dialogvindauget. |
Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via
→ . Det er ingen snartastar for dette valet. Dersom biletet inneheld berre eitt lag, får du melding om at funksjonen berre kan brukast når det er fleire lag i biletet.Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom:
Ingen: Ingen endringar i nokon retning.
Samla: Dei synlege laga vert innretta slik det er bestemt i Horisontal basis og Vertikal basis. Dersom du set Horisontal basis til Høgre kant, kan du risikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan hente dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vert laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.
Fyll (frå venstre til høgre); Fyll (frå topp til botn): Dei synlege laga vert innretta etter lerretet i høve til den kanten du valde med Horisontal basis eller Vertikal basis. Laga vert sett opp slik at dei ikkje overlappar kvarandre. Topplaget i stakken vert sett heilt til venstre, eller øvst) i biletet. Botnlaget vert sett lengst til høgre (eller nedst) i biletet. Dei andre laga vert fordelte jamnt mellom desse to plasseringane. Dersom det er merkt av for Bruk det (usynlege) botnlaget som utgangspunkt, vert laga innretta i høve til den tilsvarande kanten i botnlaget.
Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.
Det må vere minst tre synlege lag i biletet for å kunne bruke «Fyll»-innstillingane.