Som så mykje anna blir også bilete brukte i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjere biletet så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vere hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greie dette og meire til, ved å omforma bileta mellom tre hovudmodus som vist i denne menyen. Du bytter ganske enkelt mellom fargemodus frå biletmenyen ved å opne menyen og klikke på ønskt modus.
RGB - Dette er normalmodus. Formatet kan vise millionar av fargar i høg kvalitet. Sidan RGB-moduset er det formatet som inneheld mest informasjon om biletet, vil ein del av verktøya verke berre i RGB-modus. Dette gjeld t.d. når du skal skalere, beskjere eller berre spegelvende biletet. I RGB-modus er kvar piksel sett saman av tre ulike komponentar: R for Raudt, G for Grønt og B for Blått. Kvar av desse komponentane kan ha ein verdi mellom 0 og 255. Resultatfargen for pikselen er summen av verdiane for desse tre komponentane.
Indexed- This is the mode usually used when file size is of concern, or when you are working with images with few colors. It involves using a fixed number of colors (256 or less) for the entire image to represent colors. By default, when you change an image to a paletted image, GIMP generates an «optimum palette» to best represent your image.
Som du sikkert har funne ut, vil filformatet bli mykje mindre sidan det er mindre biletdata å lagra. Ulempen er at du ofte finn menyval som er gråa ut sidan dei ikkje verkar i dette moduset. Du kan prøve å omforme biletet til RGB-modus for å utføre dei ønskte funksjonane og deretter tilbake til indeksert igjen. Dersom det ikkje hjelper å omforme til RGB, kan det vere fordi biletet manglar gjennomsikt. Du må då legge til gjennomsikt ved å bruke menyvalet
→ → .Gråskalabilete inneheld ingen fargar, berre ulike grader av grått, såkalla svart/kvit-bilete. Moduset blir ofte brukt til spesielle føremål og tar dessutan som regel mindre plass på harddisken enn andre modus. Ikkje alle former for utstyr kan vise gråskalabilete.
Dersom du lagrar i filformat som berre kan innehalde eit bestemt modus, treng du ikkje å konvertere eit bilete til eit bestemt modus før du lagrar det. GIMP ordnar dette for deg og vil eventuelt eksportere biletet i høveleg modus for formatet.