I menyane for penslar, fargeovergangar, mønsterelement og palettane og i noen innlimingsdialogar, kan du definere taggar og reorganisere dei i høve til den valde taggen.
Det er to innskrivingsfelt:
«Filter»-feltet: Her kan du skriva inn ein tidlegare definert tagg eller velja frå nedtrekksllista som kjem fram når du klikkar på nedoverpila til høgre i feltet. Penslar, fargeovergangar, mønsterelement og palettar har filter, og berre dei som har denne valde taggen vert viste. Du kan skriva inn fleire taggar skilde med komma.
«Skriv inn»-feltet: her vert taggar som høyrer til den aktive penselen, fargeovergangen, mønsterelementet eller paletten vist. Du kan leggja til ein ny tagg til det aktive elementet ved å klikka på ein av dei definerte taggane i nedtrekksllista som kjem fram når du klikkar på nedoverpila til høgre i feltet. Endeleg kan du også definere ein ny tagg ved å skriva inn namnet i dette feltet. Det nye namnet vert synleg i tagg-lista.
Notat | |
---|---|
Since GIMP-2.10.4, the Fonts dialog also has Filter and Enter tag fields. But GIMP doesn't yet automatically generate any tags from fonts metadata. |
Tips | |
---|---|
For å gi fleire penslar den same fanen samstundes, vis penslane i listemodus og bruk Ctrl + på dei penslane du vil ha med. |
Du kan sletta ein tagg ved å markere ein pensel og deretter markere den aktuelle taggen i «Skriv inn»-feltet og trykke tastenDelete. Når den valde taggen er fjerna frå alle penslane, vert han også fjerna frå lista.