Du kan bruke kommandoen
for å omforma biletet til gråtoner. Resultatet vert eit gråskalabilete der fargane vert omgjorde til gråtoner frå svart til kvitt i éin kanal.Kor mange tonesteg det er mellom svart og kvit er avhengig av biletpresisjonen:
Heiltalspresisjon:
Eit 8-bits heiltals gråskalabilete har 255 tonesteg frå 0 (svart) til 255 (kvit).
Eit 16-bits heiltals gråskalabilete har 65535 tonesteg frå 0 (svart) til 65535 (kvit).
Eit 32-bits heiltals gråskalabilete har i teorien 4294967295 tonesteg frå 0 (svart) til 4294967295 (kvit). Men GIMP 2.10 utfører alle interne høg-bitss-prosessar som 32-bitss flyttal slik at det verkelege talet på tonesteg vert det same som for 32-bitss flyttalsbilete.
Med flyttalspresisjon: talet på tonesteg i eit gråskalabilete er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og korleis programmet handsamar flyttal (sjå Floating-point arithmetic for meir om dette).